top of page
DSC_8561B.jpg

Om Forestillingen

DSC_8502B.jpg

Gudar, hòv og horg

​

Sogeskrivar Snorre Sturlason levde 200 år etter at landet vart kristna. Det han skriv om den gamle åsatrua må vi derfor lesa med kritikk. Men fagfolk har funne ut mykje, mellom anna at vi var trugne heidningar her ute i Fosen òg. Jarnskjegge var ein av dei.

​

Stadnamna fortel ein heil del. På Ørlandet har vi Balsnes, som kjem av guden Balder. I Åfjord har vi Frønes, etter guden Frøy. På Opphaug har vi gårds- og slektsnamnet Hoff. Hoff kjem av hòv. Det er nærliggande å tru at det på Opphaug har vore eit gudehòv, kanskje der høvdingen Jarnskjegge held til. Sarah-komponist Vidar Hoff har vel noko å skryte av der!

​

Hòv og horg blir ofte nemnde i samanheng, og det er ikkje godt å skilje dei frå kvarandre. Eit hòv var helst ei bygning av treverk, og kunne huse utskorne figurar av gudane, som sto på stallar, eller podier. Treskurdkunsten sto høgt i hevd i yngre jarnalder, så hòva var sikkert vakre kunstverk. Ein horg var laga av stein. Her vart det av og til blota dyr. Når gudane ønskte det, så blota ein menneske òg. Blodet vart skvetta på steinane, slik at dei vart raudfarga.

​

Etnologane meiner at åsatrua (Odin, Tor, Frøy mv.) var religionen til dei germanske stammane som kom hit til lands i folkevandringstida (kring år 400).  Før den tid rådde andre religionar i landet vårt. Det fins dei som meiner at segnene om trollkvinna Guri Kunna er ein rest av denne gamle trua, som har overlevd heilt opp til våre dagar. Kanskje var åsatrua storbøndene sin religion, mens resten av folket dyrka dei gamle «alternative» gudane. Men da kristendommen feide inn over landet kring år 1000, vart hòva brende og horga brotne sund, seier kjeldene.

DSC_8500B.jpg

Jarnskjegge

​

Skjegge Asbjørnson var på slutten av 900-talet trønderane sin høvding. Det sto stor respekt av Skjegge. For det første var han «ættestor», det vil seie at slekta hans hørte til den leiande eliten i Trøndelag, eller Trondheimen, som namnet var den gongen. Einar Tambarskjelve på Melhus var ein av frendane hans. For det andre hadde Skjegge ry som ein god stridsmann. I slaget i Hjørungavåg sto han i striden saman med Håkon Jarl og gjorde ende på jomsvikingane, ein dansk invasjonsflåte.

​

På Opphaug hadde Skjegge sin gård. Der var forfedrane og formødrene hans hauglagde. Ein av dei største gravhaugane i vårt distrikt ligg her, og er enno ikkje fullt ut undersøkt. Da Skjegge vart drepen av Olav Tryggvason på Mære i 997 vart Skjegge likevel hauglagd på Austrått, seier Snorre.  

DSC_8560B.jpg

Irsk og norsk samkvem i gamle dagar

​

Vikingtida blir rekna frå år 793. Da veit vi at norske vikingar segla til øya Lindisfarne i Nord-England og rana eit kloster der. Dette var ei tid da skandinavane invaderte dei britiske øyane. Handels- og plyndringstokt vart avløyst av regelrett kolonisering. Øya Man vart underlagd norsk styre, og nordmenn tok med seg heile sin huslyd og slo seg ned mange stader i Irland. Da Olav Tryggvason kom til Shannon og tok med seg Sarah, har norske vikingar vore der i eit par hundre år. Det renn mykje norsk blod i irane, og dei veit det sjølv.

​

Men påverknaden har òg gått den andre vegen. Historikar Daniel Johansen seier at vi finn spor av irsk DNA i fosningane, og ikkje så reint lite heller. Det kan ein berre forklare ved at irske trælar vart skipa hit i vikingtida, seier han. Vi kan legge fram fleire prov på irsk påverknad: To brosjer frå yngre jarnalder er funne i Fosen; ei på Grande, og ei på Nes. Den siste kan du sjå på forsida av dette programmet. I vår (2019) vart det funne ein plante på Tarva; irsk myrklegg, som er ein underart av vår vanlige kystmyrklegg. Botanikar John-Bjarne Jordal trur at denne planten har kome til Fosen i fôret som sauane hadde med seg da dei vart importerte frå Irland. Når denne importen har skjedd, veit vi ikkje, men utgangarsauar av «engelsk» type var det i alle fall på Tarva i 1773, ifølge Gerhard Schøning.  

bottom of page